Resultat av votering

22/8 - Trollebotn / Gullbekk - Søknad om dispensasjon og oppføring av garasje/uthus til fritidsbustad i LNF-område

Votering er ferdig i denne saka.

09:43 19/2024

Med heimel i §19.2 i pbl vert søknad om dispensasjon frå føremålet og krav i § 2.4.1 i føresegner til kommuneplanens arealdel godkjent for etablering av uthus på landbrukseigedom som ligg i LNF-område.

Med heimel i §20-4a) i pbl vert søknad om oppføring av frittliggande uthus godkjent.

Løyve er grunngjeven med at samfunnsutvalet ikkje kan sjå at vilkåra det blir dispensert ifrå eller omsynet til føremålet med lova blir vesentleg tilsidesett. Vilkåra i § 19-2 pkt. 1 i pbl er ivaretatt.

Omsynet til helse, miljø, jordvern, sikkerheit og tilkomst for alle blir ikkje påverka at tiltaket.

Samfunnsutvalet har vurdert fordelane og ulempene ved tiltaket, og kome til at fordelane er større enn ulempene knytt til tiltaket, og det blir heller ikkje auka bruk av eigedomen.

Løyva gjeld eigedom gnr/bnr 22/8 – Trollebotn/Gullbekk og er gyldig i 3 år

Vedteke

FOR

7
sondre aasan Senterpartiet Katrine Volhovd Høgre Håkon Høgetveit Høgre Bjørn Ulvestad Andersen Framstegspartiet Helge Hellesø Lundgren Framstegspartiet Aud Jonskås Arbeiderpartiet Eivind Skogheim Arbeiderpartiet

MOT

0