← Tilbake

Sak PS-47/24 - Rapportering 1.tertial

01
Innstilling
Innstilling
Behandlet
  1. Kommunestyret tek tertialrapporteringa til vitande.

    • Meirforbruk og mindreinntekt på til saman kr 7.965.000 vert dekt av disposisjonsfondet.

      Vedlegg

      Les meir
      02
      Forslag frå S. Aasan (Sp)
      Forslag
      Behandlet

      Kommunestyret ser alvorleg på utviklinga i kommunens økonomi og bed kommunedirektøren gjennomføre desse tiltaka for ei snarleg betring av situasjonen, i påvente av at omstillingsprosjektet skal gje meir langsiktige effektar:

      Tilsettingsstopp

      Alle tilsettingar skal vurderast strengt og tilsettingar skal kun skje når det er naudsynt for å oppretthalde forsvarleg drift/lovpålagte oppgåver. Innleige av vikarar skal haldast på eit minimum.

      Innkjøpsstopp

      Innkjøp av varer og tenester skal kun skje dersom det er naudsynt for å oppretthalde forsvarleg drift/lovpålagte oppgåver.

      Meirforbruk og mindreinntekt på til saman kr 7.965.000 i 1. tertial vert dekt av disposisjonsfondet.

      Vedlegg

      Les meir