Forslag

Vurdering av oppheving av forskrift om nedsett konsesjonsgrense etter konsesjonslova § 7 i Seljord kommune

01
Innstilling
Innstilling
Behandlet

Seljord kommunestyre søker Landbruksdirektoratet om oppheving av forskrift om nedsett konsesjonsgrense etter konsesjonslova § 7 i Seljord kommune.

Grunngjeving: Det er fleire grunnar til at kommunen ynskjer å oppheve 0-konsesjonsgrense på bustadhus i Seljord kommune. Ein kan ikkje vise til forsking som viser noko dokumentera effekt på busetnaden med denne forskrifta. Kommunen har større tru på bulysst enn buplikt for å auke innbyggartalet. 0- konsesjonsgrensa fører til at nye bustader blir påført ein heftelse som kan virke negativt på interessa for å bygge nye bustader fordi det kan påverke verdien ved seinare omsetning. Auka attraktivitet for kjøp av eigedom kan føre til at fleire eigedomar med vedlikehaldsbehov blir overtatt og sett i stand, noko som kan bidra til å betre det lokale bumiljøet og styrke kommunen si tiltrekkingskraft. Ordninga fører også med seg auka ressursbruk i administrasjonen ved auka byråkrati og kontroll.

Vedlegg

Les meir
02
Forslag frå Sp, R og R
Forslag
På vegner av Rødt, Senterpartiet og Raudt
Behandlet

Seljord kommune vidarefører forskrift om nedsett konsesjonsgrense.

Vedlegg

Les meir