Hopp til hovudinnhaldet

Innstilling frå M. D. Fremmerlid (K)

Seljord kommune gjev avslag på søknad om deling og omdisponering av 1 daa landbruksareal til bustadtomt, tomt nr 1, på landbrukseigedommen gnr./bnr. 92/9.

Avslaget er grunngjeve med at ei deling og omdisponering av dyrka jord og skog i samsvar med søknad er vurdert negativt jamfør vesentlege punkt ein skal vurdere etter jordlova. Omsynet til busetjing i området er ikkje tillagt stor nok vekt til å overprøve deling og omdisponering av dyrka jord. Det er eit politisk ynskje i Seljord kommune å auke folketalet, men busetjinga bør fortrinnsvis skje i regulerte byggeområde og ikkje på dyrka mark.

Seljord kommune gjev løyve til å dele i frå 1,5 daa til bustadtomt, tomt nr. 2. Vedtaket er

grunngjeve med at søknad om frådeling av 1,5 daa produktiv skog til bustadtomt nr. 2 som mindre alvorleg med omsynet til jordlova

Vedtaket er heimla i jordlova §§ 9 og 12. Saka må handsamast vidare etter plan- og bygningslova.