Forslag

120/1 - Heiåvegen 491 - Søknad om dispensasjon og oppsetting av mindre jakt- og fiskekoie ved Nottvatn/Vetrhus

01
Innstilling frå M. D. Fremmerlid (K)
Innstilling
Behandlet
Med heimel i § 19-2 i pbl. vert søknad om dispensasjon frå krav i § 2.4.1 i føresegner tilkommuneplanens arealdel godkjent for montering av mindre bur for bruk som jakt- og fiskekoie på eigedom 120/1 ved Nottvatn/Vetrhus som ligg i eit LNF-område.Løyve er grunngjeven med at ei jakt- og fiskekoie på ein etablert skogeigedom, brukt somfritidseigedom, ikkje endrar bruken av eigedomen. Eigedomen ligg i eit område med fleire spreidde fritidseigedomar som er bebygd.Etter ei samla vurdering kan ikkje samfunnsutvalet sjå at vilkåra det blir dispensert i frå eller omsynet til føremålet med lova blir vesentleg tilsidesett. Vilkåra i § 19-2 pkt. 1 i pbl. er ivaretatt.Omsynet til helse, miljø, sikkerheit, jordvern og tilkomst for alle blir ikkje påverka av tiltaket.Samfunnsutvalet har vurdert fordelane og ulempene ved tiltaket, og kome til at det ikkje er ulemper knytt til tiltaket og det blir heller ikkje blir lagt til rette for auka bruk av eigedomen.Når jakt- og fiskekoia er oppført/montert må det sendast melding til kommunen om tiltak som ikkje er søknadspliktig etter pbl, er ferdig bygd. Løyve gjeld eigedom 120/1 – Heiåvegen 491 ved Nottvatn/Vetrhus og er gyldig i 3 år.

Vedlegg

Les meir