Samfunnsutvalet avslår søknad om oppføring av driftshusvære som arbeidshusvære og uthus for dyrestell på eigedom 120/3 – Heiåvegen ved Rakkenetten.
Avslaget er grunngjeven med at arbeidshusvære ber preg av å også være eit fritidshus då det inneheld dei rom/funksjonar som eit fritidshus har, utan høg sanitær standard og køyreveg fram.
Arbeidshusvære er vesentleg større ein tidlegare løyver til sankebu/gjetarbu, gitt i dei seinaste åra.
Samfunnsutvalet er positiv til at ein tar i bruk området til beiteområde for storfe, og ser at det også er naudsynt med sankebu og uthus for dyrestell, men med ein redusert storleik i tråd med tidlegare praksis.
Samfunnsutvalet godkjenner søknad om oppføring av driftshusvære som arbeidshusvære og uthus for dyrestell på eigedom 120/3 – Heiåvegen ved Rakkenetten.
Grunngjeving: Tiltaket er i samsvar med plan og Samfunnsutvalet ser positivt på at det blir etablert eit driftshusvære som lettar tilsynet med beitande dyr i området.