Kommunestyret tek rapporteringa for andre tertial på drift og investering til vitande.
Løyving i sak på kr 3.500.000 til vasstårna blir flytt frå driftsbudsjettet til investering og blir lånefinansiert.
Løyving i sak reiselivsstrategi på kr 168.000 i heile økonomiplanperioden blir trekt attende.
Ev. mindreforbruk på løyving i sak vedlikehaldsetterslep blir brukt på ny varmepumpe på Nesbukti i staden for til måling av kommunehuset.
Meirforbruk og mindreinntekt på kr 3.158.000 vert dekt av disposisjonsfond.
Bruk av lån i investeringsbudsjettet vert kr 33.459.000, derav bruk av unytta lånemidlar kr 17.437.000 og nytt lån kr 15.986.000.
ENØK-prosjekt
Kommunedirektøren bes om å leggje fram ei sak om eit ENØK-prosjekt etter modell frå Kviteseid kommune. Saka skal innehalde organisering og kapasitet, oversikt over tiltak, og framdrift basert på eigne budsjettmidlar og evnt. eksterne midlar som til dømes Klimasatsmidlar og Husbankens ordning for
energieffektivisering av kommunale utleieenheter.
Brannvernsamarbeid med Hjartdal kommune
Kommunestyret ber kommunedirektøren ta initiativ til ei avtale med Hjartdal kommune om brannberedskap og dekking av kostnadar knytt til dette. Det må vurderast kva form for interkommunalt samarbeid som er høveleg for dette samarbeidet.
Budsjettering
For å få ei tettare økonomisk styring og i endå større grad ansvarleggjere einingane for eigne budsjett skal budsjetta i Seljord kommune vedtakast på einingsnivå.
Budsjettendringar i ikkje-prinsippielle saker på inntil 50 000 kan gjerast av kommunedirektøren, medan saker på inntil 250 000 skal handsamast av formannskapet. Alle endringar større enn dette og saker av prinsipiell karakter skal handsamast av kommunestyret.
Oppfølging av innbyggjarar som mottek økonomisk sosialstønad
Kommunestyret meiner oppfølginga av innbyggjarar som får økonomisk sosialstønad raskt må bli betre, både for å redusere kommunen sine kostnadar til økonomisk sosialhjelp gjennom reduksjon i antal personar i denne gruppa og lengda den enkelte er avhengig av denne typen stønad.
Ein ber difor kommunedirektøren vurdere korleis ein internt i eigen organisasjon og i samarbeid med NAV og andre aktørar kan forsterke og samordne innsatsen mot denne gruppa.
Barnehagedekning
Kommunestyret ser med bekymring på at det er born med rett til barnehage busett i Seljord, som ikkje har eit barnehagetilbod. Kommunedirektøren bes vurdere løysingar som sikrar desse borna eit tilbod raskast mogleg.
Evaluering av legevaktsorganiseringa
I samband med omstillingsprosjektet ber kommunestyret kommunedirektøren leggje fram ei sak der ein evaluerar legevaktsorganiseringa både på dag, kveld/natt og helg, og ser på alternativ til denne. Samarbeidet med Kviteseid og eventuelt andre kommunar og legevaktsavtala med Notodden kommune må sjåast på som ein del av dette.
Visit Seljord
Kommunestyret vil vurdere å avslutte eigarskapen i Visit Seljord. Kommunedirektøren bes gå i dialog med dei andre eigarane i Visit Seljord, for å sikre ein god prosess. Det skal leggjast fram ei sak for kommunestyret om korleis reiselivsarbeidet i Seljord kommune bør organiserast iløpet av første halvår 2025.