Resultat av votering

22/7 - Trollebotn 511/Gullbekk- Søknad om dispensasjon og bruksendring av driftsbygning til anneks for fritidsbruk

Votering er ferdig i denne saka.

09:10 Innstilling frå M. D. Fremmerlid (K)

Med heimel i § 19-2 i pbl vert søknad om dispensasjon frå krav i § 2.4.1 i føresegner til

kommuneplanens arealdel for bruksendring av delar av 1. etg frå driftsbygning til anneks til fritidsbruk godkjent.

Med heimel i § 20-4 a) vert søknad om bruksendring og ombygging av delar av 1. etg til anneks på eigedom 22/7 – Trollebotn 511 godkjent.

Løyve er grunngjeven ved at Samfunnsutvalet etter ei samla vurdering ikkje kan sjå at vilkåra det blir dispensert i frå eller omsynet til føremålet med lova, blir vesentleg tilsidesett.

Vilkåra i § 19-2 pkt. 1 i pbl. er ivaretatt.

Omsynet til helse, miljø, sikkerheit, jordvern og tilkomst for alle blir ikkje påverka av tiltaket.

Før tiltaket blir tatt i bruk må det søkast om ferdigattest, jf pbl § 21-10. Løyve er gyldig i 3 år.

Vedteke

FOR

7
sondre aasan Senterpartiet Katrine Volhovd Høgre Gunnar Eilefstjønn Høgre Bjørn Ulvestad Andersen Framstegspartiet Hanne Smeland Edvardsen Framstegspartiet Eivind Skogheim Arbeiderpartiet Aud Jonskås Arbeiderpartiet

MOT

0