← Tilbake

Sak PS-97/24 - Kommunedirektørens forslag til budsjett - og økonomiplan 2025-2028

01
Innstilling frå B. V. Lia (Kommunedirektør)
Innstilling
Behandlet
  1. Kommunestyret vedtek framlegg til budsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028 slik det ligg føre i innstillinga frå kommunedirektøren. Jf. kommunelova § 14-3 fjerde ledd vert formannskapets framlegg til økonomiplan og årsbudsjett lagt ut til offentleg ettersyn i 14 dagar.

    • Den kommunale skatteøyren vert fastsett til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.

      • Kommunestyret vedtek følgjande for eigedomsskatteåret 2025 i Seljord kommune:

        • For eigedomsskatteåret 2025 skal det skrivast eigedomsskatt på kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum, jf. eigedomsskattelova § 3 første ledd bokstav c, såkalla «energianlegg».

          • Den alminnelege eigedomsskattesatsen for skatteåret 2025 er 7 promille. jf.eigedomsskattelova § 11 første ledd.

            • Eigedomsskatten vert skriven ut i tre terminar, jf. eigedomsskattelova § 25 første ledd, med forfall 20. mars, 20. juli og 20. november.

            • Kommunestyret vedtek løyvingar og finansiering i økonomiplanen sin investeringsdel, deriblant for investeringsbudsjettet 2025, slik det går fram av oppstillinga løyvingsoversyn etter § 5-5, 1. og 2. ledd som vist i det framlagde budsjettdokumentet frå kommunedirektøren. Kommunestyret vedtek ei låneramme på kr 38.085.000 til finansiering av investeringsprosjekta, og med nedbetalingstid tilpassa levetida på dei lånefinansierte driftsmidlane. Kommunedirektøren får fullmakt til å ta opp lån innafor denne ramma, og i tillegg låneopptak for kr 10.000.000 til Startlån i 2025.

              • Kommunestyret vedtek løyvingar og finansiering i økonomiplanen sin driftsdel, deriblant for driftsbudsjettet 2025, slik det går fram av oppstillinga løyvingsoversyn drift etter § 5-4, 1. og 2. ledd som vist i det framlagde budsjettdokumentet frå kommunedirektøren. Budsjettet er vedteke på budsjettvedtaksområdet som vist på fordeling på eining(tabell) i driftsbudsjett under kommunen sine tenesteområde.

                • Kommunale avgifter vert vedtekne etter prinsippet om sjølvkost. Innan VARFS-området (vatn, avløp, renovasjon, feiing og slamtømming) vert sjølvkost rekna ut i frå prinsippet om 100 % dekningsgrad. Andre kommunale prisar og gebyrsatsar blir vedtekne slik det går fram av Gebyroversikten.

                  Vedlegg

                  Les meir