Forslag

109/2 - Langlimvegen 842 -Søknad om dispensasjon for etablering av båthus/uthus i LNFR-område nært inntil Sundsbarmvatnet

01
Innstilling frå M. D. Fremmerlid (K)
Innstilling
Behandlet

Med heimel i § 19-2 i pbl vert søknad om dispensasjon frå krav i § 2.4.1 i føresegner til kommuneplanens arealdel godkjent for etablering av båthus/uthus på tidlegare etablert ringmur nært inntil Sundsbarmvatnet då eigedomen ligg i eit område som i gjeldande plan har eit arealføremål som LNFR-område.

Dispensasjonen gjeld for båthus inntil 70 m², dvs er eit § 20-4 a) tiltak.

Løyve er grunngjeven ved at Samfunnsutvalet etter ei samla vurdering ikkje kan sjå at vilkåra det blir dispensert i frå eller omsynet til føremålet med lova, blir vesentleg tilsidesett. Vilkåra i § 19-2 pkt. 1 i pbl. er ivaretatt.

Omsynet til helse, miljø, sikkerheit, jordvern og tilkomst for alle blir ikkje påverka av tiltaket.

Området som båthuset skal etablerast på må hevast opptil kote + 612,5 for at naudsynt sikkerheit mot flaum skal vere ivaretatt i samsvar med krav i TEK 17 § 7-2 – Sikkerhet mot flaum og stormflo.

Dersom båthuset blir over 50 m2 må det sendast søknad til kommunen, er det mindre enn 50 m2 med gesimshøgde mindre enn 3 meter og mønehøgde mindre enn 4 meter, kan det berre sendast melding til kommunen når det er ferdig.

Løyve gjeld for eigedom 109/2 – Langlimvegen 842 og er gyldig i 3 år

Vedlegg

Les meir