Den kommunale skatteøyren vert fastsett til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.
Kommunestyret vedtek følgjande for eigedomsskatteåret 2025 i Seljord kommune:
For eigedomsskatteåret 2025 skal det skrivast eigedomsskatt på kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum, jf. eigedomsskattelova § 3 første ledd bokstav c, såkalla «energianlegg».
Den alminnelege eigedomsskattesatsen for skatteåret 2025 er 7 promille. jf.eigedomsskattelova § 11 første ledd.
Eigedomsskatten vert skriven ut i tre terminar, jf. eigedomsskattelova § 25 første ledd, med forfall 20. mars, 20. juli og 20. november.
Kommunestyret vedtek løyvingar og finansiering i økonomiplanen sin investeringsdel, deriblant for investeringsbudsjettet 2025, slik det går fram av oppstillinga løyvingsoversyn etter § 5-5, 1. og 2. ledd som vist i det framlagde budsjettdokumentet frå kommunedirektøren. Kommunestyret vedtek ei låneramme på kr 38.085.000 til finansiering av investeringsprosjekta, og med nedbetalingstid tilpassa levetida på dei lånefinansierte driftsmidlane. Kommunedirektøren får fullmakt til å ta opp lån innafor denne ramma, og i tillegg låneopptak for kr 10.000.000 til Startlån i 2025.
Kommunestyret vedtek løyvingar og finansiering i økonomiplanen sin driftsdel, deriblant for driftsbudsjettet 2025, slik det går fram av oppstillinga løyvingsoversyn drift etter § 5-4, 1. og 2. ledd som vist i det framlagde budsjettdokumentet frå kommunedirektøren. Budsjettet er vedteke på budsjettvedtaksområdet som vist på fordeling på eining(tabell) i driftsbudsjett under kommunen sine tenesteområde.
Kommunale avgifter vert vedtekne etter prinsippet om sjølvkost. Innan VARFS-området (vatn, avløp, renovasjon, feiing og slamtømming) vert sjølvkost rekna ut i frå prinsippet om 100 % dekningsgrad. Andre kommunale prisar og gebyrsatsar blir vedtekne slik det går fram av Gebyroversikten.
Innkjøpsstrategi
Kommunestyret bed kommunedirektøren utarbeide ein innkjøpsstrategi og legge fram denne som ei politisk sak for kommunestyret.
Det skal leggast særskilt vekt på at kommunens innkjøp av varer og tenester skal skje mest mogleg lokalt, samstundes som ein fylgjer det gjeldande lovverket.
Ved tilknytning til rammeavtaler må det vurderast i kva grad slike avtaler vil utestenge lokale tilbyderar.
Evaluere matservering i barnehagane
Kommunestyret bed kommunedirektør evaluere korleis gjeninnføring av matservering har påvirka arbeidsforholda og arbeidskvardagen for dei tilsette, og korleis det har påvirka kvardagen til borna. Ei evaluering bør skje i løpet av fyrste halvår, slik at eventuelle større tilpasningar kan skje frå nytt barnehageår i august.
Ei evaluering bør også inkludere ei vurdering av dei fysiske tilhøva når det gjeld kjøkkenfasilitetar/oppvask, med særleg vekt på tryggleik for borna og Mattilsynets krav.
ENØK-prosjekt
Kommunedirektøren bes om å leggje fram ei sak om eit ENØK-prosjekt etter modell frå Kviteseid kommune. Saka skal innehalde organisering og kapasitet, oversikt over tiltak, og framdrift basert på eigne budsjettmidlar og evnt. eksterne midlar som til dømes Klimasatsmidlar og Husbankens ordning for energieffektivisering av kommunale utleieenheter.
Brannvernsamarbeid med Hjartdal kommune
Kommunestyret ber kommunedirektøren ta initiativ til ei avtale med Hjartdal kommune om brannberedskap og dekking av kostnadar knytt til dette. Det må vurderast kva form for interkommunalt samarbeid som er høveleg for dette samarbeidet.
Oppfølging av innbyggjarar som mottek økonomisk sosialstønad
Kommunestyret meiner oppfølginga av innbyggjarar som får økonomisk sosialstønad raskt må bli betre, både for å redusere kommunen sine kostnadar til økonomisk sosialhjelp gjennom reduksjon i antal personar i denne gruppa og lengda den enkelte er avhengig av denne typen stønad. Ein ber difor kommunedirektøren vurdere korleis ein internt i eigen organisasjon og i samarbeid med NAV og andre aktørar kan forsterke og samordne innsatsen mot denne gruppa.
Bustadtomter
Kommunestyret ynskjer at kommunen skal ta ei meir aktiv rolle for å få fram fleire bustadtomter i heile kommunen.
Seljord kommune skal vere ein tilretteleggar for at private aktørar får fram nye bustadfelt eller enkelttomter i tråd med arealplanen. Dersom det ikkje er interesse frå private aktørar, må kommunen sjølv vurdere å opparbeide nye tomter/felt.
Eksisterande og framtidige kommunale tomter må presenterast med kart, foto og omtale på kommunens heimesider.
Kommunestyret bed om at det blir lagt fram ei sak for Samfunnsutvalet med ei mindre endring i kommunepanens arealdel, der ein aukar kvoten for LNF spreidd - bustad i sone LS7 (Mælefjellsida av Flatdal). Dagens kvote er på 5 bustadhus i den 10-årige planperioden (sjå tabell i føresegnene side 15)
Retningslinjer/vedtekter næringsfond
Kommunestyret ynskjer ei politisk sak framlagt der vedtekter for næringsfond/kraftfond blir revidert.
Hovudplan veg
Kommunestyret bed kommunedirektøren å lage ein Hovudplan veg (temaplan). Planen skal ta for seg forvaltning, vedlikehald og drift av det kommunale vegnettet. Planen skal gje eit godt oversyn over tilstanden på kommunale vegar og skal danne grunnlaget for godt funderte politiske prioriteringar når det gjeld veginvesteringar framover. Samfunnsutvalet blir poilitisk styringsgruppe for planarbeidet.
endring tallbudsjett
Verbalforslag Frp, H og AP:
Organisasjons- og leiarstruktur
Kommunestyret tek tilbakemeldingane som kom frå fagforeiningane i partsamansatt utval knytt til leiarstruktur på alvor. Kommunestyret oppfordrar kommunedirektøren til å sjå nærare på organisasjons- og leiarstrukturen i Seljord kommune.
Kommunestyret ber kommunedirektøren gå i dialog med Helse Sør-Aust om på bruk av ledig areal på DPS av Helse og Omsorg. Dette vil kunne møte eldrebølgja på ein rask og rimeleg måte.
Kommunestyret ber kommunedirektøren førebu deling av Seljord barne- og ungdomsskule for å utløyse grendeskuletillegg frå 2026.
Kommunestyret ber kommunedirektøren snarast leggje fram eit oppdatert "Forskrift for politisk godtgjersle og permisjon" med to hovudendringar. A) Fylke blir oppdatert til "Telemark fylke" og B) satsen for godtgjeringar reduserast til 75%.
Kommunestyret ønskjer halde fram med tilskot for Lyntogforum i budsjett og økonomiplan.
Kommunestyret ønskjer å fjerne reduksjonen av sosiale utgifter frå budsjett og økonomiplan av omsyn til realismekravet.
Kommunestyret ønskjer å halde faste årsverk i kulturskulen flatt for 2025 i påvente av resultata av FolkRekrutt-prosjektet.