Hopp til hovudinnhaldet

Søknad om tilskot til å dekke driftstap i samband med vegarbeid på Brøløsvegen - T.Tveitan AS

01

Innstilling frå B. V. Lia (Kommunedirektør)

Innstilling Behandlet

Formannskapet gjev ikkje T. Tveitan A/S kompensasjon for driftstap i samband med vegarbeidet på Brøløs haust/vinter 2024.

Formålet med det kommunale Næringsfond/kraftfond opnar ikkje for driftsstøtte.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Forslag frå H, Frp og Ap

Forslag Presentert av: Edvard Mæland På vegner av Arbeiderpartiet, Framstegspartiet og Høgre Behandlet

Formannskapet har stor forståing for dei ulempene T. Tveitan AS har hatt i samband med vegarbeidet på Brøløsvegen.

I og med at arbeidet føregjekk over så lang tid ynskjer formannskapet å gje ein kompensasjon på kr. 50 000,- for tapt inntekt.

Fordi slik støtte ikkje kjem inn under formålet til Næringsfondet vert løyvinga dekka av formannskapet sin disposisjonskonto.

Vedlegg

Les meir expand_more