Innstilling frå formannskapet
- Kommunestyret vedtek lokale forskrifter om skulereglar for grunnskulane i Seljord kommune med endring og eventuelle tillegg.
- Kommunestyret vedtek lokal forskrift om permisjonsreglar for grunnskulane i Seljord kommune med verknad frå 20.03.25.
- Kommunestyret oppnemner (namn) til å vere politisk representant, med (namn) til å vere vara.
Endring:
- Formannskapet føreslår å slå sammen to punkt: under "oppførsel som ikkje blir akseptert":
- å banne, bruke skjellsord og snakke stygt til og om andre
- Følgande punkt tas inn igjen i ordensreglementet under §5:
- å bruke hovudplagg i klasserom, med unntak av religiøse plagg som ikkje dekkjer auge og andlet