Hopp til hovudinnhaldet
01

Innstilling frå B. V. Lia (Kommunedirektør)

Innstilling Behandlet
  1. Vigselstilbodet er gratis for kommunens innbyggjarar og personar som ikkje er busett i Norge, men som oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap her. Dette gjeld i innanfor kommunens arbeidstid og i kommunens vigselslokale.
  2. Kommunens vigselslokale er kommunestyresalen på kommunehuset. Kommunens arbeidstid er måndag - fredag 08.00-15.30.
  3. Seljord kommune innfører betaling for kommunal vigsel av andre kommunars innbyggjarar. Brureparet skal informerast om kostnaden i god tid før vigselen.
  4. Kommunen kan ta betaling for naudsynte meirkostnadar kommunens innbyggjarar og personar som ikkje er busett i Norge, men som oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap her dersom det er utanfor kommunens arbeidstid og utanfor kommunens vigselslokale. Brureparet skal informerast om kostnaden i god tid før vigselen.
  5. Førande priser for vigsler, prisar i 2025(justerast årleg etter konsumprisindeks med utgangspunkt i 2025 prisar):
    • For brurepar som er Seljord kommune sine innbyggjarar og personar som ikkje er busett i Norge, men som oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap her
      • I kommunens arbeidstid og i kommunens vigselslokale: Gratis
      • I kommunens arbeidstid og utanfor kommunens vigselslokale: kr 1000
      • Utanfor kommunens arbeidstid og i kommunens vigselslokale: kr 1500
      • Utanfor kommunens arbeidstid og utanfor kommunens vigselslokale: kr 2000
    • For brurepar som ikkje er heimehøyrande i Seljord kommune
      • I kommunens arbeidstid og i kommunens vigselslokale: kr 1500
      • I kommunens arbeidstid og utanfor kommunens vigselslokale: kr 2000
      • Utanfor kommunens arbeidstid og i kommunens vigselslokale: kr 2500
      • Utanfor kommunens arbeidstid og utanfor kommunens vigselslokale: kr 3000

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Tilleggsforslag frå R, Frp, Ap og H

Tilleggsforslag Presentert av: Ivar Barstad På vegner av Arbeiderpartiet, Framstegspartiet, Høgre og Raudt Behandlet

Punkt fem erstattast med fylgjande:

5: Førande prisar i 2025 (justerast årleg etter konsumprisindeks med utgangspunkt i 2025-prisar):

  • Kr 2.000,- for par ikkje heimehøyrande i kommunen
  • Kr 2.000,- for vigsel utanfor kommunen sine eigne lokaler
  • Kr 2.000,- for vigsel utanfor kommunen si arbeidstid

Vedlegg

Les meir expand_more