← Tilbake

Sak PS-16/25 - 38/6 - Nordbygdivegen 251 - Søknad om dispensasjon frå kommunedelplanen over Seljord sentrum til frådeling av bustadtomt.

01
Innstilling frå M. D. Fremmerlid (K)
Innstilling
Publisert
  1. Samfunnsutvalet godkjenner søknad frå Odd Vidar Rui om dispensasjon frå kommunedelplanen for Seljord sentrum til frådeling av ei bustadtomt på ca. 1.8 daa frå gnr. 38, bnr. 6.

    • Etter ei konkret vurdering av ulemper og fordelar i denne saka har ein funne at fordelane med tiltaket er vesentleg større enn ulempene. Det er då vektlagt mangelen på byggjeklare bustadtomter i sentrumsnære områder og at det omsøkte området ligg heilt i ytterkant av området det søkjast dispensasjon frå, mot eit område med spreidd utbygging. Det også vektlagt at områdets karakter elles er ei husklynge med fleire bustadhus.

      • Det vert sett som eit vilkår for godkjenninga at den fråskilde parsellen får tinglyst tilkomst over hovudbruket.

        • Vedtaket er gjort etter plan- og bygningslovas § 19 og jordlovas § 12 og gjeld i tre år frå vedtaksdato jf. pbl § 21-9.

          Vedlegg

          Les meir