Forslag

38/21 - Nordbygdivegen - Søknad om oppsetting av lagerhall som rubbhal med tilkomstveg, dispensasjon for etablering av tilkomstveg i arealområde "vegetasjonsskjerm"

01
Innstilling frå M. D. Fremmerlid (K)
Innstilling
Publisert
  • Med heimel i § 20-1a) i plan- og bygningslova vert søknad om etablering/montering av lagerhall /rubbhall med tilhøyrande opparbeida uteareal og nærliggande tilkomstveg rundt lagerhallen godkjent på følgjande vilkår:

    • Før arbeid med etablering av lagerhall, uteareal og nærliggande tilkomstveg tar til, må plan for disponering av matjord utarbeidast og godkjennast av kommunens sin landbruksrådgjevar.

      • Når adkomstveg SpVP1 til område I/F 5 blir etablert må tilkomstveg til lagerhallen koplast denne.

        • Etablerte tilkomstvegar som ikkje skal brukas må fjernast.

          • Planert område som ligg i vegetasjonsskjermen langs Bygdaråi sør for trafogjerde må reetablerast som ein vegetasjonsskjerm i tråd med vilkår i gjeldande plan med føresegner.

            • Lagerhall med tilhøyrande uteareal og nærliggande tilkomstveg rundt lagerhallen kan ikkje tas i bruk før plassering av resterande tilkomstveg frå eksisterande privat veg er avklart, vegrett er inngått med grunneigar og godkjent av kommunen.

            Oppføring av lagerhall med tilhøyrande uteareal og nærliggande tilkomstveg rundt lagerhallen er i samsvar med plan

            • Med heimel i § 19-2 i plan- og bygningslova gis det ikkje dispensasjon for etablering av delar av tilkomstveg i eit område har eit arealføremål til grønstruktur – vegetasjonsskjerm.

              Vedtaket er grunngjeven med at omsøkt tilkomstveg i vegetasjonsskjerm ikkje er i samsvar med vilkåra det søkast dispensasjon i frå, og at vilkåra til lovas føremålsvilkår blir vesentleg tilsidesett. Fordelande ved å gje dispensasjon er ikkje klart større enn ulempene ved å gje dispensasjon.

              Løyve er gyldig i 3 år.

              Vedlegg

              Les meir