Hopp til hovudinnhaldet

Innstilling frå formannskapet

  1. Vigselstilbodet er gratis for kommunens innbyggjarar og personar som ikkje er busett i Norge, men som oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap her. Dette gjeld i innanfor kommunens arbeidstid og i kommunens vigselslokale.
  2. Kommunens vigselslokale er kommunestyresalen på kommunehuset. Kommunens arbeidstid er måndag - fredag 08.00-15.30.
  3. Seljord kommune innfører betaling for kommunal vigsel av andre kommunars innbyggjarar. Brureparet skal informerast om kostnaden i god tid før vigselen.
  4. Kommunen kan ta betaling for naudsynte meirkostnadar kommunens innbyggjarar og personar som ikkje er busett i Norge, men som oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap her dersom det er utanfor kommunens arbeidstid og utanfor kommunens vigselslokale. Brureparet skal informerast om kostnaden i god tid før vigselen.
  5. 5.Førande prisar i 2025 (justerast årleg etter konsumprisindeks med utgangspunkt i 2025-prisar):
    • Kr 2.000,- for par ikkje heimehøyrande i kommunen
    • Kr 2.000,- for vigsel utanfor kommunen sine eigne lokaler
    • Kr 2.000,- for vigsel utanfor kommunen si arbeidstid