Hopp til hovudinnhaldet

Innstilling frå kommunedirektøren

  1. Kommunestyret tek tertialrapporteringa til vitande.
  2. Meirforbruk og mindreinntekt på til saman kr 4 236 000 vert dekt av disposisjonsfondet.
  3. Kommunedirektøren for mynde til å gjennomføre budsjettjustering for å fordele pensjonspremie på ut på einingane
  4. Kommunedirektøren får mynde til å gjennomføre budsjettjustering for å flytte straumpostane på kommunale bygg frå aktuelle einingar til budsjettvedtaksområde 4C vedlikehaldsavdelinga.
  5. Bruk av lån kr 50 883 000, derav bruk av unytta lånemidlar per 31.12.2024 kr 5 555 000 og nytt låneopptak kr 45 328 000. Samanlikna med opphavleg budsjett aukar nytt låneopptak med kr 5 993 000, derav kr 3 200 000 allereie vedteke i formannskapssak 33/2025, 10.04.2025 («hastekompetanse») «Auke budsjettramme for å løfte Brøløsvegen for framtida». Inkludert ligg òg eit nytt låneopptak til Seljord Skysstasjon aukar med kr 1 468 000, frå kr 883 000 til kr 2 351 000 i tråd med tilbodsgrunnlag frå Adaptiv arkitektur. Opptak av Startlån i Husbanken i 2025 vert auka med kr 10 mill., frå kr 10 mill. (som vart lånt inn 07.03.2025) til kr 20 mill.