Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
12:12 Innstilling frå kommunedirektøren
Med heimel i § 20-1 i plan- og bygningslova vert søknad om rammeløyve for vesentleg endring og fasadeendring av einebustad med hybel/sokkelleilegheit på eigedom 2/129 – Vallarvegen 15 godkjent med vilkår.
Statens vegvesen har gitt dispensasjon etter veglova §§ 29, 30 og 34 på vilkår;
- Tiltaket skal vere i tråd med situasjonsplan.
- Avstanden til bygningen (inkludert takutspring til senterlinje på E 134 skal være minst 16 meter.
- Dersom tiltaket medfører endringar i tilknyting til eigendomens tilkomstforhold, må det framleis vere opparbeida tilstrekkeleg areal til å kunne snu på eigen eigendom slik at ein unngår rygging ut på offentleg veg. Siktkrav til eigedomens avkøyring må ivaretakast.
- Bygningen må ikkje brukast til andre føremål enn det dispensasjonen gjeld.
- Grenseverdiane for støy og luftkvalitet i Klima- og miljøverndepartementets rundskriv T-1442 og T-1520 må tilfredsstillast..
- Det kan ikkje krevjast erstatning for skader og ulemper som følge av at bygningen ligg nær E134
Kommunalt leidningsnett må flyttast slik at det blir tilkomst for framtidig vedlikehald/utskifting. Ny plassering må avklarast med VA-ansvarleg i kommunen før flytting. Dersom tiltaket kjem i konflikt med private stikkleidning for VA må eventuelle flytting avklarast med eigar.
Før arbeida bli igangsett må det søkast om løyve til igangsetting i samsvar med plan- og
bygningslova.
Løyve gjeld eigedom 2/129 – Vallarvegen 15 og er gyldig i 3 år.
Vedteke