← Tilbake

Sak PS-29/25 - 149/1 - Myrbøenvegen 125 - Søknad om frådeling av tomt rundt eksisterande hytte.

01
Innstilling frå kommunedirektøren
Innstilling
Behandlet

Samfunnsutvalet godkjenner søknad om frådeling av ei tomt på ca. 1.2 dekar rundt eksisterande bygningar på gnr. 149, bnr. 1. Vedtaket er gjort etter ei vurdering av at dette skjer etter regelen om uendra bruk. Det er då vektlagt at bygningen har vore i bruk som hytte sidan før fyrste arealplan som fastsette område som reint LNFR område.

Det er eit vilkår for godkjenninga at den nye tomta får tinglyst tilkomst og rett til parkering på hovudbruket, samt at ein får ta del i veglaget for Myrbøenvegen.

Vedtaket er gjort etter jordlovas §12 og plan- og bygningslovas § kap. 20 og gjeld i tre år frå godkjenningsdato.

Vedlegg

Les meir