← Tilbake

Sak PS-30/25 - 120/4 - Heiåvegen 584 - Søknad om frådeling av tomt rundt eksisterande hytte

01
Innstilling frå kommunedirektøren
Innstilling
Behandlet

Samfunnsutvalet godkjenner søknad om frådeling av ei tomt på inntil 2 daa rundt eksisterande hytte frå eigedomen gnr. 120, bnr. 4 i Åmotsdal. Godkjenninga er grunngjeve med at ein har vurdert søknaden til å gjelde uendra bruk. Det er då vektlagt at bruken har vore etablert før kommuneplanens arealdel frå 1990.

Det er eit vilkår for godkjenninga at den nye parsellen får tinglyst tilkomstrett og rett til parkering på vinterstid på hovudbruket. Det er også eit vilkår at den nye parsellen får ta del i veglaget for Heiåivegen.

Vedtaket er gjort etter jordlovas § 12 og plan- og bygningslovas kap. 20 og gjeld i tre år frå godkjenningsdato.

Vedlegg

Les meir