Årsmelding med årsrekneskap 2024 for Seljord kommune vert vedteken slik den er lagt fram med netto
driftsresultat på minus kr 20 042 396, som er minus 4,59 % av sum driftsinntekter på kr 436 908 856.
Negativt netto driftsresultat vert dekt slik: Overføring til investeringsrekneskapen (utgift) kr 153 345, netto
bruk av bundne driftsfond kr 2 211 475 og netto bruk av disposisjonsfond kr 17 984 266.
Saldo på disposisjonsfond per 31.12.2024 er kr 17 363 568, derav kr 15 935 785 på det «ordinære»
disposisjonsfondet og kr 1 427 783 på andre disposisjonsfond.
Investeringsrekneskapen er gjort opp i balanse med sum investeringsutgifter på kr 36 660 013 med
tilsvarande finansiering, derav kr 27 547 536 i bruk av lån (ekskl. bruk av Startlån).
Uttale frå kommunestyret i Seljord 19/6-2025 i samband med rekneskap for 2024:
Gjer opp kommunegjelda
I 2024 endte 6 av 10 kommunar opp med underskot i rekneskapen, og ROBEK-skrømtet er overhengande for fleire av dei. På same tid har staten opparbeida seg gjeld til kommunane i form av utsatt dekning av kommunane si utbetaling av pensjonspremie, det såkalla akkumulerte premieavviket. Desse midlane har staten lova å dekkje over 7 år i rammetilskot. Finansdepartementet oppgjev totalsummen ved årsskiftet til 66,4 milliardar kroner, der Seljord kommune sin del er snaut 40 millionar.
I mellomtida må kommunane inntektsføre premieavviket etter pålegg i budsjett- og rekneskapsforskrift §3-5. I realiteten er dette ei pålagt kredittyting frå staten, og kommunane blir tvinga til å bruke både oppsparte midlar og likviditetslån for å dekkje opp for det akkumulerte premieavviket. Konsekvensen er kutt i grunnleggjande veldferdstenester for innbyggjarane.
Kommunestyret i Seljord ber regjeringa med forhandlingspartnarar om å dekkje opp kommunene sitt akkumulerte premieavvik.
Sendast til Stortinget, Finansministeren og Kommunalministeren.