Retningslinjer for kjøp og sal av kommunal eigedom
01
Innstilling frå samfunnsutvalet
Innstilling
Behandlet
- Prisen for sal av kommunale tilleggsareal inntil 500 m2 vert sett til 150 kr pr. m2 , pluss omkostningar. Prisen vert indeksregulert kvart 5 år.
- Prisen for bustadtomter i byggefelta Furutoppen/Tømmeråsen, Runningen og Sundbøhaugen vert halde uendra. Praksisen med nedsett pris og sal av to tomter til same kjøpar vert avslutta.
- Prisen for gamle tomter i eksisterande felt vert sett til 50.000 kr pr tomt, men desse kan også seljast som tilleggstomter om det er ønske om det.
- Administrasjonen får delegert løyve til å selje tomter og tilleggsareal i samsvar med plan, medan samfunnsutvalet behandlar saker som ikkje er tråd med plan.
- Alle spørsmål som gjeld kjøp og sal av kommunale bygg og eigedom skal forberedast av ei intern arbeidsgruppe leia av kommunalsjef for samfunnsutvikling og drift. Politisk behandling skjer i samfunnsutvalet, formannskap eller kommunestyre avhengig av kva sak det gjeld. Sal av tomteareal i samsvar med plan kan gjerast administrativt.
- Delegasjonsreglementet blir oppdatert i tråd med vedtaket.
Vedlegg
Les meir
expand_more