Hopp til hovudinnhaldet

Innstilling frå kommunedirektøren

Kommunestyret tek forvaltningsrevisjonsrapporten «Tilpassa opplæring» til vitande.

Kommunestyret ber kommunedirektør:

• forsikre seg om at lærarane får tilstrekkeleg med informasjon om elevar som skal byrje på skulen, slik at dei kan planlegge og legge til rette før eleven tek til på skulen.

• arbeide for å få meir heilskapleg internkontroll med tilpassa opplæring, under dette oppfylle opplæringslova § 17-12 om evaluering og rapportering til kommunestyret.

Kommunestyret ber kommunedirektør om å gi ei skriftleg attendemelding til kontrollutvalet innan 30.01.2026 om oppfylginga av rapporten og rapportens tilrådingar.

Behandling

Det vart ikkje fremja forslag under behandlinga av saka

Vedtak

Innstilling frå kommunedirektøren samrøystes vedteke.