Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
12:20 Innstilling frå kommuendirektør
1. Planutvalet godkjenner søknad om dispensasjon frå kommuneplanens arealdel til overføring av eit bustadareal på ca. 2 daa frå gnr. 43, bnr. 15 til gnr. 43, bnr. 199. Vedtaket byggjer på at ein har funne fordelane til å vere vesentleg større enn ulempene. Det er då vektlagt at tilleggsarealet vil vere ei formalisering av ein godt etablert bruk av eigedomane, og at ikkje ser det er registrert naturverdiar som er til hinder for ei deling.
2. Søknaden er vurdert positivt med omsyn til jordlova § 12, tredje ledd, vern av arealressursane og om delinga fører til ei driftsmessig god nok løysing. Søknaden er vurdert nøytralt til om den kan føre til driftsmessige eller miljømessige ulemper for landbruket i området. Søknaden gjeld frådeling av 1 daa busetnad/samferdsel og 1 daa produktiv skog rundt eksisterande bustadtomt, men fører ikkje til meir busetnad i området.
3. Vedtaket er gjort etter plan- og bygningslovas § 19-1 og jordlovas § 12 og gjeld i tre år frå godkjenningsdato jf. plan- og bygningslovas § 21-9