Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
12:35 Innstilling frå kommuendirektør
Seljord kommune har fylgjande høyringsuttale til Ny forskrift om vernskog mot fjellet i Telemark
- Statsforvaltaren har i stor grad teke inn kommunens innspel om å heve vernskoggrensa med omsyn til eit varmare klima der skoggrensa kryp oppover fjellet. Statsforvaltaren har gjort ei fagleg vurdering av kor vernskoggrensa bør gå med lokale variasjonar i Seljord og kommunedirektøren tilrår soleis ei positiv høyringsuttale til føreslått vernskoggrense.
- Seljord kommune har vurdert det slik at den nye forskrifta ikkje legg opp til noko stor endring i praksis rundt melding om hogst i vernskog. Det er kommunen som handsamar meldinga om hogst i vernskog basert på skjema laga av statsforvaltar. Statsforvaltar er klageinstans. Her i Seljord kjem dei aller fleste meldingar om hogst i vernskog frå profesjonelle virkeskjøparar med stor skogfagleg kompetanse. Tilbakemeldingar frå dei er at det er ein fordel at kommunen er førsteinstans med omsyn til lokalkunnskap og sakshandsamingstid.
- I dag er det og slik at den enkelte skogeigar kan sende inn melding om hogst i vernskog via skogfond på nett. Per i dag er ikkje dette mogleg for profesjonelle virkeskjøparar å gjera det på same måte på vegne av skogeigar.
- Unntaka i § 4 er vurdert som positivt og vil truleg fører til litt mindre byråkrati. Men det fordrar og at tiltakshavar følgjer dei forvaltingsreglane som er sett for den sona tiltaket vert gjennomført i. Korleis kommunen eventuelt skal fange opp brot på forskrifta der det ikkje er meldt inn eller kartfesta kan vurderast negativt.
- Dei nye forvaltningsreglane for hogst i vernskog mot fjellet etter § 5, er vurdert til å ikkje ha nokon stor innskjerping jamfør dagens forskrift. Melding om hogst i vernskog kjem i samband med større drifter i ordinær skog der det er drivbar produktiv skog i ytterkant av hogstfeltet som kjem inn i vernskoggrensa. Kommunen antek difor at det er lite økonomisk aktuelt å drive skogbruk i skog som kjem innunder Sone1: Øvre del av vernskogområdet (strenge restriksjonar) - Seljord kommune har vurdert det som positivt at kommunen får mynde til å dispensere frå reglene i § 5 i denne forskrifta
- Seljord kommune har vurdert det som naturleg at kommunen skal føre kontroll med godkjende tiltak og pålegg i vernskogen etter § 7
- Vi har ikkje merknader til § 8. Klage, § 9. Straff, § 10. Tvangsmulkt