Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

21:51 Innstilling frå styringsgruppe

Naudsynte investeringar i bygg må vurderast på nytt.

Styrking av årsverk i pleie og omsorg må prioriterast i kommande økonomiarbeid.

1. Kommunestyret går inn for utbygging for heimetenesta i tidlegare NAV-bygget inkl. carport og ombygging av sjukeheimen i tråd med skisser. Nettokostnad ca. kr. 24 mill. innarbeidast i økonomiplan 2026 – 2029.

2. Gråbygget på husmorskulen blir tatt i bruk til kommunale formål slik det står i dag, med enkel overflateoppussing.

3. Dagens kontorlokasjoner for NAV og barnevern blir verande der dei er i dag. Avtala om produksjonskjøkken med Dyrskun blir vidareført

4. Det blir arbeidd vidare med husmorskulen med mål om ein betydeleg reduksjon av kostnadskalkylen.

5. Kommunestyret ber styringsgruppa arbeide vidare med det mandatet styringsgruppa har definera.

Fallen

FOR

0

MOT

16
Sondre Aasan Senterpartiet Jon Olav Svartdal Senterpartiet Beate Marie Dahl Eide Senterpartiet Ivar Barstad Raudt Katrine Volhovd Høgre Edvard Mæland Høgre Solveig Sundbø Abrahamsen Høgre Per Dehli Høgre Carina Thorvaldsen Framstegspartiet Mogens Hougaard Iversen Framstegspartiet Gunnar Andre Gundersen Framstegspartiet Bjørn Ulvestad Andersen Framstegspartiet Trond Johnsen Arbeiderpartiet Eivind Skogheim Arbeiderpartiet Aud Jonskås Arbeiderpartiet Parvin Molazem Arbeiderpartiet

21:51 Forslag frå S. Aasan (Sp)

1) Etablering av nytt kommunehus i Brøløsvegen 6A vert skrinlagt og ein vidarefører dagens lokalisering av kommuneadministrasjonen.

2) Flytting av flyktningeteneste og vaksenopplæring til kommunen sine eigne lokalar skal vurderast vidare.

3) Tilstrekkeleg kapasitet i pleie og omsorgstenestene skal prioriterast når det gjeld investeringar framover.

4) Kommunedirektøren må legge fram forslag til ombygging/utbygging av Nesbukti som sikrar det framtidige behovet for sjukeheimsplassar og som legg til rette for effektiv drift med basisfunksjonar som t.d. bårerom og vaskeri.

5) Nye Nesbukti skal ha eige produksjonskjøkken.

6) Det vert vist til kommunestyret sitt vedtak i sak 78/2024, i møte 17.10.2024: "Kommunestyret ynskjer å prioritere dei naudsynte behova knytt til lokaler for heimesjukepleia. Kommunestyret ynskjer at det sjåast på alternative løysingar, som til dømes leige av lokaler, eksisterande bygg og nybygg." . Kommunedirektøren vert beden om å vurdere tilbod frå VTN AS om base for heimetenesta i Helsehagen og eventuelle andre lokasjonar/tilbod som kan vere aktuelle i nærleik til Nesbukti (kjøp eller leige). Leigeavtalar skal fortrinnsvis utformast slik at Seljord kommune overtek eigarskapen til lokala etter ei gitt tid. Kjøp eller leige av lokaler til heimetenesta må vurderast opp mot eit nybygg på eigne areal ved Nesbukti.

7) Det skal vurderast om den nye skissa til omsorgsboligar frå Snorre Aasen kan byggast på kommunens areal ved Nesbukti.

8) Etter at behova i pleie og omsorg er dekt skal oppgradering av Seljord barne- og ungdomsskule til eit framtidsretta skuleanlegg prioriterast.

9) Utvalet Korleis nytte kommunens disponible areal? leggast ned.

Fallen

FOR

3
Sondre Aasan Senterpartiet Beate Marie Dahl Eide Senterpartiet Jon Olav Svartdal Senterpartiet

MOT

13
Ivar Barstad Raudt Edvard Mæland Høgre Katrine Volhovd Høgre Per Dehli Høgre Solveig Sundbø Abrahamsen Høgre Gunnar Andre Gundersen Framstegspartiet Bjørn Ulvestad Andersen Framstegspartiet Carina Thorvaldsen Framstegspartiet Mogens Hougaard Iversen Framstegspartiet Eivind Skogheim Arbeiderpartiet Parvin Molazem Arbeiderpartiet Trond Johnsen Arbeiderpartiet Aud Jonskås Arbeiderpartiet

21:52 Endringsforslag frå E. Mæland (H, Ap, Frp, Sp og R)

1. Kommunestyret ber kommunedirektøren snarast vurdere etablering av ny base for heimetenestene ved å anten:

a) byggje om eksisterande byggjemasse i dagens kommunehus, eller

b) føre opp eit nybygg på kommunen sitt areal nær Nesbukti.

Det er særs viktig å vurdere tidshorisont, totalkostnad og organisatoriske ulemper, samt framtidig fleksibilitet for både helsetenestene og kommunen generelt. Saka skal leggjast fram for kommunestyret snarast råd.Nettokostnad ca. kr. 24 mill. innarbeidast i økonomiplan 2026 – 2029.

2 Gråbygget på husmorskulen kan disponerast til kommunale formål slik det står i dag, med enkel overflateoppussing. Større utbetringar skal godkjennast av kommunestyret og vera ein del av ein større plan for eigedomen.

3Dagens kontorlokasjoner for NAV og barnevern blir verande der dei er i dag. Avtala om produksjonskjøkken med Dyrskun blir vidareført.

4Det blir arbeidd vidare med framtidig bruk av husmorskulen med mål om ein betydeleg reduksjon av kostnadskalkylen.

5Kommunestyret ber styringsgruppa arbeide vidare med det mandatet styringsgruppa har definert.

Vedteke

FOR

16
Sondre Aasan Senterpartiet Jon Olav Svartdal Senterpartiet Beate Marie Dahl Eide Senterpartiet Ivar Barstad Raudt Edvard Mæland Høgre Katrine Volhovd Høgre Per Dehli Høgre Solveig Sundbø Abrahamsen Høgre Carina Thorvaldsen Framstegspartiet Bjørn Ulvestad Andersen Framstegspartiet Gunnar Andre Gundersen Framstegspartiet Mogens Hougaard Iversen Framstegspartiet Eivind Skogheim Arbeiderpartiet Trond Johnsen Arbeiderpartiet Parvin Molazem Arbeiderpartiet Aud Jonskås Arbeiderpartiet

MOT

0