Hopp til hovudinnhaldet

Prosjekt - Korleis nytte kommunens disponible areal

01

Innstilling frå styringsgruppe

Innstilling Behandlet

Naudsynte investeringar i bygg må vurderast på nytt.

Styrking av årsverk i pleie og omsorg må prioriterast i kommande økonomiarbeid.

1. Kommunestyret går inn for utbygging for heimetenesta i tidlegare NAV-bygget inkl. carport og ombygging av sjukeheimen i tråd med skisser. Nettokostnad ca. kr. 24 mill. innarbeidast i økonomiplan 2026 – 2029.

2. Gråbygget på husmorskulen blir tatt i bruk til kommunale formål slik det står i dag, med enkel overflateoppussing.

3. Dagens kontorlokasjoner for NAV og barnevern blir verande der dei er i dag. Avtala om produksjonskjøkken med Dyrskun blir vidareført

4. Det blir arbeidd vidare med husmorskulen med mål om ein betydeleg reduksjon av kostnadskalkylen.

5. Kommunestyret ber styringsgruppa arbeide vidare med det mandatet styringsgruppa har definera.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Forslag frå S. Aasan (Sp)

Forslag På vegner av Senterpartiet Behandlet

1) Etablering av nytt kommunehus i Brøløsvegen 6A vert skrinlagt og ein vidarefører dagens lokalisering av kommuneadministrasjonen.

2) Flytting av flyktningeteneste og vaksenopplæring til kommunen sine eigne lokalar skal vurderast vidare.

3) Tilstrekkeleg kapasitet i pleie og omsorgstenestene skal prioriterast når det gjeld investeringar framover.

4) Kommunedirektøren må legge fram forslag til ombygging/utbygging av Nesbukti som sikrar det framtidige behovet for sjukeheimsplassar og som legg til rette for effektiv drift med basisfunksjonar som t.d. bårerom og vaskeri.

5) Nye Nesbukti skal ha eige produksjonskjøkken.

6) Det vert vist til kommunestyret sitt vedtak i sak 78/2024, i møte 17.10.2024: "Kommunestyret ynskjer å prioritere dei naudsynte behova knytt til lokaler for heimesjukepleia. Kommunestyret ynskjer at det sjåast på alternative løysingar, som til dømes leige av lokaler, eksisterande bygg og nybygg." . Kommunedirektøren vert beden om å vurdere tilbod frå VTN AS om base for heimetenesta i Helsehagen og eventuelle andre lokasjonar/tilbod som kan vere aktuelle i nærleik til Nesbukti (kjøp eller leige). Leigeavtalar skal fortrinnsvis utformast slik at Seljord kommune overtek eigarskapen til lokala etter ei gitt tid. Kjøp eller leige av lokaler til heimetenesta må vurderast opp mot eit nybygg på eigne areal ved Nesbukti.

7) Det skal vurderast om den nye skissa til omsorgsboligar frå Snorre Aasen kan byggast på kommunens areal ved Nesbukti.

8) Etter at behova i pleie og omsorg er dekt skal oppgradering av Seljord barne- og ungdomsskule til eit framtidsretta skuleanlegg prioriterast.

9) Utvalet Korleis nytte kommunens disponible areal? leggast ned.

Vedlegg

Les meir expand_more
03

Forslag frå E. Skogheim (Ap)

Endringsforslag På vegner av Arbeiderpartiet, Framstegspartiet og Høgre Behandlet

1. Kommunedirektøren får fullmakt til å sette i gang utbygging for heimetenesta i

tidlegare NAV-bygget inkl. carport og ombygging av sjukeheimen i tråd med skisser.

Nettokostnad ca. kr. 24 mill. innarbeidast i økonomiplan 2026 – 2029.

2. Gråbygget på husmorskulen kan disponerast til kommunale formål slik det står i dag, med

enkel overflateoppussing.

3. Dagens kontorlokasjoner for NAV og barnevern blir verande der dei er i dag.

Avtala om produksjonskjøkken med Dyrskun blir vidareført

4. Det blir arbeidd vidare med husmorskulen med mål om ein betydeleg reduksjon av

kostnadskalkylen.

5. Kommunestyret ber styringsgruppa arbeide vidare med det mandatet styringsgruppa har

definera

Vedlegg

Les meir expand_more
04

Forslag frå I. Barstad (R)

Forslag Behandlet

1) Kommunestyret ber kommunedirektøren snarast vurdere etablering av ny base for heimetenestene ved å anten:

a) byggje om eksisterande byggjemasse i dagens kommunehus, eller

b) føre opp eit nybygg på kommunen sitt areal nær Nesbukti.

Det er særs viktig å vurdere tidshorisont, totalkostnad og organisatoriske ulemper, samt framtidig fleksibilitet for både helsetenestene og kommunen generelt. Saka skal leggjast fram for kommunestyret snarast råd. Kostnadsramma for utbygging i NAV-bygget på kr 24 mill. innarbeidast i økonomiplan 2026–29.

2) Lokala for NAV og barnevern blir inntil vidare verande der dei er i dag. Avtala om produksjonskjøkken med Dyrsku'n blir også vidareført.

3) Kommunedirektøren får fullmakt til å ta i bruk Brøløsvegen 2 for å huse kommunale tenester der dette er føremålsteneleg. I denne samanhengen kan ein gjennomføre enkel overflateoppussing, men større utbetringar skal godkjennast av kommunestyret og vera ein del av ein større plan for eigedomen.

4) Styringsgruppa blir beden om å halde fram med framtidig bruk av Husmorskulen og kommunen sine andre areal.

Vedlegg

Les meir expand_more
05

Endringsforslag frå E. Mæland (H, Ap, Frp, Sp og R)

Endringsforslag På vegner av Senterpartiet, Arbeiderpartiet, Framstegspartiet, Høgre og Raudt Behandlet

1. Kommunestyret ber kommunedirektøren snarast vurdere etablering av ny base for heimetenestene ved å anten:

a) byggje om eksisterande byggjemasse i dagens kommunehus, eller

b) føre opp eit nybygg på kommunen sitt areal nær Nesbukti.

Det er særs viktig å vurdere tidshorisont, totalkostnad og organisatoriske ulemper, samt framtidig fleksibilitet for både helsetenestene og kommunen generelt. Saka skal leggjast fram for kommunestyret snarast råd.Nettokostnad ca. kr. 24 mill. innarbeidast i økonomiplan 2026 – 2029.

2 Gråbygget på husmorskulen kan disponerast til kommunale formål slik det står i dag, med enkel overflateoppussing. Større utbetringar skal godkjennast av kommunestyret og vera ein del av ein større plan for eigedomen.

3Dagens kontorlokasjoner for NAV og barnevern blir verande der dei er i dag. Avtala om produksjonskjøkken med Dyrskun blir vidareført.

4Det blir arbeidd vidare med framtidig bruk av husmorskulen med mål om ein betydeleg reduksjon av kostnadskalkylen.

5Kommunestyret ber styringsgruppa arbeide vidare med det mandatet styringsgruppa har definert.

Vedlegg

Les meir expand_more