Bergemoen industriområde - opparbeiding av infrastruktur og fastsetting av tomtepris
01
Innstilling frå formannskapet
Innstilling
Behandlet
1. Formannskapet løyver kr. 48 000 ekskl. mva. til skredrapport for Bergemoen industriområde. Løyvinga vert dekt av næringsfondet.
2. Formannskapet rår kommunestyret til at kommunen opparbeider veg, vatn og el-grøft i tråd med alternativ 1. Dette innarbeidast i budsjettet for 2026.
3. Tomteprisen fastsettast til kr 55 pr. m2 som indeksregulerast med utgangspunkt 15. desember 2025
. • Kjøpar må sjølv etablere avløpsløysing.
• Kjøpar betalar for oppmåling og tinglysing.
• Kommunen har rett til tilbakekjøp til same pris dersom tomta ikkje er teken i bruk til føremålet innan 3 år.
• Bruken skal vere i tråd med gjeldande reguleringsplan og lovverk
Vedlegg
Les meir
expand_more