Hopp til hovudinnhaldet

Votering har ikkje starta enda.

Resultat av votering

14:46 Innstilling frå PSU

  1. Kommunestyret vedtek framlegg til budsjett – og økonomiplan 2026 – 2029 slik det føre i kommunedirektøren si innstilling. Jf. kommunelova § 14-3 fjerde ledd vert formannskapets framlegg til årsbudsjett og økonomiplan lagt ut til offentleg ettersyn i 14 dagar.
  2. Den kommunale skatteøyren vert fastsett til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.
  3. Kommunestyret vedtek følgjande for eigedomsskatteåret 2026 i Seljord kommune:
    1. For eigedomsåret 2026 skal det skrivast eigedomsskatt på kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum, jf. eigedomsskattelova § 3 første ledd bokstav c, såkalla «energianlegg».
    2. Den alminnelege eigedomsskattesatsen for skatteåret 2026 er 7 promille jf. eigedomsskattelova § 11 første ledd.
    3. Eigedomsskatten vert skriven ut i tre terminar, jf. eigedomsskattelova § 25 første ledd, med forfall 20.mars, 20.juli og 20.november.
  4. Kommunestyret vedtek løyvingar og finansiering i økonomiplanen sin investeringsdel, deriblant for investeringsbudsjettet 2026, slik det går fram av oppstillinga løyvingsoversyn etter § 5-5, 1. og 2. ledd som vist i det framlagde budsjettdokumentet frå kommunedirektøren. Kommunestyret vedtek ei låneramme på kr 8 550 000 til finansiering av investeringsprosjekta, og med nedbetalingstid tilpassa levetida på dei lånefinansierte driftsmidlane. Kommunedirektøren får fullmakt til å ta opp lån innafor denne ramma, og i tillegg låneopptak for kr 10 000 000 til startlån i 2026.
  5. Kommunestyret vedtek løyvingar og finansiering i økonomiplanen sin driftsdel, deriblant for driftsbudsjettet 2026, slik det går fram av oppstillinga løyvingsoversyn drift etter § 5-4, 1. og 2. ledd som vist i det framlagde budsjettdokumentet frå kommunedirektøren.
  6. Kommunale avgifter vert vedtekne etter prinsippet om sjølvkost. Innan VARFS-området (vatn, avløp, renovasjon, feiing og slamtømming) vert sjølvkost rekna ut i frå prinsippet om 100 % dekningsgrad. Andre kommunale prisar og gebyrsatsar blir vedtekne slik det går fram av Gebyroversikten.
Samrøystes vedteke