Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

09:50 Innstilling frå kommunedirektør

1. Med heimel i § 19-2 i plan- og bygningslova gis det dispensasjonen for etablering av carport for 12 biloppstillingsplassar samt 8 parkeringsplassar, totalt 20 p-plassar. Dispensasjonen gis for krav i plan med føresegner om 2 p-plassar pr bueining.

2. Med heimel i § 20-1 i plan og bygningslova vert søknad om riving av 2 stk. bodbygg og oppføring av carportanlegg for 12 bilar godkjent.

3. Løyve gjeld også tilrettelegging av 8 p-plasser på uteområde på eigedomen der ein av pplassane skal vere tilpassa funksjonshemma.

4. I bekkeløpet sør for kommunehuset må sediment fjernast/bekkeløpet reinskast i botn.

5. Rivemateriell må leverast godkjent mottaksplass for rivemassar.

6. Før tiltaket blir tatt i bruk må det søkast om ferdigattest

7. Løyve gjeld eigedom 43/200 – Sterke-Nils vegen 1-5 og er gyldig i 3 år.

8. Løyve er grunngjeven med at ved søknad om dispensasjon skal ein også sjå til overordna plan – Kommunedelplan for Seljord sentrum, som i føresegner sett krav til minimum antall p-plassar som er i samsvar med p-plassar i omsøkt tiltak. Samfunnsutvalet kan etter ei samla vurdering ikkje sjå at vilkåra det blir dispensert i frå eller omsynet til føremålet med lova, blir vesentleg tilsidesett. Vilkåra i pbl. § 19-2 pkt. 1 i pbl. er ivaretatt

Vedteke

FOR

6
Sondre Aasan Senterpartiet Gunnar Eilefstjønn Høgre Bjørn Ulvestad Andersen Framstegspartiet Helge Hellesø Lundgren Framstegspartiet Aud Jonskås Arbeiderpartiet Eivind Skogheim Arbeiderpartiet

MOT

0