Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
10:41 Innstilling frå Formannskapet
Orienteringane takast til vitande. Formannskapet handsamar saka endeleg i møtet 26.11.2025 og gjer vedtak i saka då.
FOR
0MOT
7 Ivar Barstad Raudt Solveig Sundbø Abrahamsen Høgre Edvard Mæland Høgre Mogens Hougaard Iversen Framstegspartiet Carina Thorvaldsen Framstegspartiet Trond Johnsen Arbeiderpartiet Parvin Molazem Arbeiderpartiet10:42 Alternativt forslag frå H, Frp og Ap mot Alternativt forslag frå R
Alternativt forslag frå H, Frp og Ap
6 Edvard Mæland Høgre Solveig Sundbø Abrahamsen Høgre Mogens Hougaard Iversen Framstegspartiet Carina Thorvaldsen Framstegspartiet Parvin Molazem Arbeiderpartiet Trond Johnsen ArbeiderpartietAlternativt forslag frå R
1 Ivar Barstad Raudt10:42 Verbalforslag frå H, FrP og AP
Verbalforslag frå H, FrP og AP
SFO og sommarskulen:
H, FrP og AP meiner det er heilt nødvendig med eit SFO-tilbod for familiar i kommunen i feriar. For å løyse utfordringane knytt til SFO ynskjer vi at Kommunedirektøren ser på ei løysing der SFO i feriar skiljast ut frå det ordinære og lovpålagte SFO-tilbodet. Ein kan vurdere både auka foreldrebetaling og noko redusert opningstid i feriar for å sikre eit stabilt tilbod, og ein sett same krav til antall påmeldte born både i Flatdal og Seljord. Vi ber også Kommunedirektøren gå i dialog med dei ansvarlege for sommarskulen om at denne bør gjennomførast i vekene det ikkje vert gitt tilbod om SFO.
Lærlingar:
H, FrP og AP ynskjer å reversere kuttet i antall lærlingar i Kommunedirektøren sitt forslag til budsjett og økonomiplan. Vi meiner det er av stor betydning for kommunen å kunne tilby lærlingplassar innan ulike fagområde, både med tanke på rekruttering, ekstra hender inn i tenestene og som eit tiltak for å sikre unge menneske ein veg inn i arbeidslivet. Posisjonspartia er også positive til å auke antall lærlingar dersom kommunedirektøren ser det som hensiktsmessig i åra som kjem.
Mjølkerampa/ungdomshus:
Til tross for at Seljord, som ein av mange kommunar, må flytte midlar frå oppvekst til helse og omsorg grunna den demografiske utviklinga, meiner posisjonspartia at det er avgjerande å halde fram med satsinga på gode og førebyggjande tilbod for born og unge. Mjølkerampa vil vere i drift fram til utgangen av 2026, og vi ynskjer allereie no å signalisere at det vil komme ei bevilgning til vidareføring av eit ungdomshus i kommunen. Posisjonen vil derfor sjå på alternativ som sikrar vidare drift frå 2027 fram til kommunestyremøtet i desember.