Hopp til hovudinnhaldet

Innstilling frå kommunedirektøren

Seljord kommune kan busette 15 flyktningar i 2026. Av desse kan 5 vere einslege unge mindreårige flyktningar.

Familiegjenforeining kjem i tillegg. I perioden 2027 til 2029 skal årleg busetting vere 10 nye flyktningar.

Behandling

Ivar Barstad (Raudt) fremja følgjande endringsforslag:

Seljord kommune kan busette 15 flyktningar i året gjennom økonomiplanperioden. Av desse kan 5 vere einslege unge mindreårige flyktningar. Familiegjenforeining kjem i tillegg.

Vedtak

Innstilling frå kommunedirektøren vart sett opp mot Ivar Barstad (Raudt) sitt endringsforslag

Innstilling frå kommunedirektøren vart vedteke med 6 mot 1 stemmer.

Innstilling frå kommunedirektøren

Arbeiderpartiet (2/2)

Framstegspartiet (2/2)

Høgre (2/2)

Endringsforslag frå R

Raudt (1/1)