Innstilling frå kommunedirektøren
Kommunestyret i Seljord kommune ber om at kommunalt hel- og deleide selskap som har publikumsretta arrangement, aksepterer bruk av ledsagerbevis utan grense for talet på ledsagerbillettar.
Kommunestyret ber om at temaet blir tatt opp i dei selskapa der det er aktuelt.
Kommunestyret ber kommunedirektøren formidle forventningar om aksept av ledsagarbevis til arrangørar som leiger grunn av eller mottar tilskot frå Seljord kommune.
Behandling
Det vart ikkje fremja forslag under behandlinga av saka
Vedtak
Innstilling frå kommunedirektøren samrøystes vedteke.