93/14 - Åsanvegen 7 - Søknad om dispensasjon frå kommuneplanens arealdel til frådeling av fritidstomt rundt eksisterande bygning
01
Innstilling frå kommunedirektøren
Innstilling
Publisert
Samfunnutvalet godkjenner søknad frå Hallvard og Reidar Nordskog om dispensasjon frå kommuneplanens arealdel til frådeling av ei hyttetomt på ca. 1.2 daa rundt eksisterande bygning på gnr. 93, bnr. 14 i Flatdal. Fordelane er vurdert til å vera vesentleg større enn ulempene. Det er vektlagt at det i dag står ein bygning på parsellen og at tomta allereie er avsett til fritidsføremål
Det er eit vilkår for godkjenninga at den nye parsellen får tinglyst tilkomstrett over dei bruka ein må over for å kome fram til offentleg veg.
Vedtaket er fatta i medhald av plan- og bygningslovas § 19-2 og er gyldig i tre år frå godkjenningsdato.
Vedlegg
Les meir
expand_more