Hopp til hovudinnhaldet

133/7 - Angrevegen 177 - Søknad om frådeling av fritidsbustad til uendra bruk

01

Innstilling frå kommunedirektøren

Innstilling Publisert

Samfunnsutvalet godkjenner frådeling av ei fritidstomt på ca. 1.5 daa rundt hytta på Angrevegen 177. Det er vurdert å vere i tråd med praksisen med frådeling til uendra bruk. Det er vektlagt at bruken har vore etablert før kommuneplanens arealdel frå 1990.

Etter jordlova er søknaden er vurdert nøytral til negativt med omsynet til vern av arealressursane. Positivt til at delinga fører til ei driftsmessig god nok løysing. Nøytralt med omsyn til driftsmessig eller miljømessige ulemper for landbruket i området.

Kommunedirektøren har vurdert søknaden som nøytral med omsyn til busetjinga i området. Det er eit vilkår for godkjenninga at parsellen får tinglyst tilkomstrett over hovudbruket og at ein får ta del i veglaget for Angrevegen.

Vedtaket er gjort etter jordlovas § 12 og plan- og bygningslovas kap. 20, og gjeld i tre år frå godkjenningsdato.

Vedlegg

Les meir expand_more