Endringsforslag frå I. Barstad (R)
Punkt 4, Øyremerka midlar
Kommunar som pressast til å velgje mellom økonomisk kontroll og kvalitet i tilbodet til barn og unge, tvingast til harde prioriteringar. Der presset er størst, brukast pengane fyrst, og altfor ofte er det bemanninga som ryk. Resultatet blir større forskjellar, både mellom kommunar og mellom barn. Øyremerka midlar kan vera eit viktig bidrag til å styrke både frivilligheit og til å styrke kommunale tenester utover minstenorm.
Vedlegg
Endringsforslag frå I. Barstad (R)
Punkt 3, Kompetansekrav
Fjerning av kompetansekrav i helsesektoren er eit dårleg forslag. Kompetanse kostar, kvalitet kostar, kvalifisert helsepersonell og pedagogisk ansvarlege lærarar kostar. Det er allereie stor fridom til å bruke anna personell i tillegg til dei med høgare utdanning. Seljord ønskjer ikkje å oppheve dei formelle kompetansekrava i helse- og omsorgstenestelova.
Vedlegg
Endringsforslag frå Sp
Kulepunkt 5: Vidareføre grunnskuletilskotet i inntektssystemet
Vedlegg
Endringsforslag frå I. Barstad (R)
Punkt 2, Lærarnorm:
Kvalitet i barnehage og skule kan ikkje vera avhengig av lokal økonomi og brukast som budsjettbuffer. Staten bør derfor fullfinansiere lovpålagde oppgåver, inkludert bemanningsnormar i barnehage og skule. Seljord ønskjer derfor å behalde lærarnorma på skulenivå.
Vedlegg
Innstilling frå kommunedirektøren
Kommunestyret vedtek høyringssvar frå Seljord kommune til NOU 2026: 1 - En bærekraftg kommunesektor, slik det ligg føre.