Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

11:07 Innstilling frå kommunedirektøren

Samfunnsutvalet tilbyr Seljordutstillinga Dyrsku’n å kjøpe eit areal på ca. 30 kvm frå kommunen sin eigedom 45/100 til ein pris av 150 kr pr.kvm + omkostningar. Ein grunngjev vedtaket med at ein ser at dette arealet kan gje ein betre avslutning på beredskapsvegen/rettbanen mot eksisterande terreng sjølv om tomtearealet for bustadeigedomen vert noko redusert.

Det er eit vilkår for godkjenninga at søkjar dekker kostnader ved oppsetting av nytt gjerde i tomtegrensa mot 45/100. Det er vidare eit vilkår at alle skråningar/fyllingar på den nye vegen vert jorddekka slik at inngrepet blir minst mogleg synleg i terrenget.

Vedteke

FOR

6
Sondre Aasan Senterpartiet Katrine Volhovd Høgre Håkon Høgetveit Høgre Hanne Smeland Edvardsen Framstegspartiet Helge Hellesø Lundgren Framstegspartiet Aud Jonskås Arbeiderpartiet

MOT

0