Habilitet - Sondre Aasan - Sak PS-34/26
Part i saka, nær slekt med ein part, eller verje for ein part (Fvl. § 6 første ledd): PS 34/26 - eg er part i saka (Fvl. § 6 første ledd bokstav a)
PS 35/26 - bror min er part i saka (Fvl. § 6 første ledd bokstav b)
PS 39/26 - eg er part i saka i den forstand at omreguleringa gjeld areal eg eig i dag, samt areal det er tenkt at eg skal overta (Fvl. § 6 første ledd bokstav a)
Vedlegg
Innstilling frå kommunedirektøren
Samfunnsutvalet godkjenner søknad frå Sondre Aasan om frådeling av to tomter rundt eksisterande hytter på eigedomen gnr. 137, bnr. 4. Godkjenninga byggjer på at ein har vurdert saka til å gjelde frådeling til uendra bruk. Det er då vektlagt at hyttene er ført opp før etablering av fyrste arealplanen som fastsette arealføremålet til LNFR område.
Det vert ikkje satt vilkår om tilkomst og parkering jf. pbl 27-4 for tomtene då ein har vurdert at den tilkomsten som hyttene har hatt sidan dei vart bygde, og som det er naturleg å vidareføre nå oppfyller lovkravet som er satt. Ein oppmodar likevel partane til å få i stand tinglyste avtaler då dette vil vera til fordel for dei nye parsellane.
Søknaden er vurdert positivt med omsynet til vern av arealressursane. Positivt til at delinga fører til ei driftsmessig god nok løysing. Nøytralt med omsyn til driftsmessig eller miljømessige ulemper for landbruket i området. Nøytral med omsyn til busetjinga i området.
Vedtaket er gjort etter jordlovas § 12 og plan- og bygningslovas § kap 20 og gjeld i tre år frå godkjenningsdato