Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
10:49 Habilitet - Sondre Aasan - Sak PS-35/26
Part i saka, nær slekt med ein part, eller verje for ein part (Fvl. § 6 første ledd): PS 34/26 - eg er part i saka (Fvl. § 6 første ledd bokstav a)
PS 35/26 - bror min er part i saka (Fvl. § 6 første ledd bokstav b)
PS 39/26 - eg er part i saka i den forstand at omreguleringa gjeld areal eg eig i dag, samt areal det er tenkt at eg skal overta (Fvl. § 6 første ledd bokstav a)
10:51 Innstilling frå kommunedirektøren
Samfunnsutvalet godkjenner søknad frå Torje Aasan om dispensasjon frå LNRF føremålet i kommuneplanens arealdel til frådeling av ei bustadtomt på ca. 1.9 daa frå sin eigedom gnr. 50, bnr. 2 i Åsheimgrendi.
Etter ein samla vurdering av fordelar og ulemper har ein kome fram til at fordelane ved å gje dispensasjon er vesentleg større enn ulempene. Det er særleg lagt vekt på at tomta ligg i tilknyting til eksisterande veg og eksisterande busetnad, at tiltaket ikkje krev så store naturinngrep og at den vil kunne bidra til auka busetnaden i kommunen.
Dispensasjonen er gjeve på følgjande vilkår jf pbl § 19.2 – 1. ledd:
- Skredvurdering som viser trygg byggjegrunn etter pbl § 28-1, må sendast inn før kommunen kan starta arbeid etter matrikkellova.
- Tilkomstveg må byggjast i samsvar med vedlagt skisse, og godkjennast av Seljord kommune.
Vedtaket er gjort etter jordlova §§ 9 og 12 og plan- og bygningslovas § 19 og gjeld i tre år frå godkjenningsdato jf. pbl § 21-9.