Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

11:36 Innstilling frå kommunedirektøren

Samfunnsutvalet godkjenner søknad frå Finter AS på vegne av veglaget orgnr. 920048323 Langlim-Rorgemoen-Bøle slik:

Veglaget Langlim-Rorgemoen-Bøle får løyve til å pålegge tilleggsavgift ved manglande betaling av bomavgift.

  • NOK 79 for køyretøy som passerer bom der bomavgift ikkje gjerast opp innan fastsett betalingsfrist.
  • Fastsett tilleggsavgift kan årleg indeksregulerast i samsvar med endringar i KPI (konsumprisindeks) frå føregåande år.

Det er eit vilkår at tilleggsavgifta fyrst vil bli innført etter at skilting, betalingsinformasjon og vilkår er oppdaterte. Tilleggsavgift vil ikkje bli kravd dersom manglande betaling kjem av feil ved anlegget, eller dersom betaling er utført innan fristen.

Vedtaket er heimla i Lov om vegar (veglova) § 56.

Vedteke

FOR

7
Sondre Aasan Senterpartiet Håkon Høgetveit Høgre Katrine Volhovd Høgre Helge Hellesø Lundgren Framstegspartiet Bjørn Ulvestad Andersen Framstegspartiet Eivind Skogheim Arbeiderpartiet Aud Jonskås Arbeiderpartiet

MOT

0