Hopp til hovudinnhaldet
01

Innstilling frå kommunedirektøren

Innstilling Behandlet

Samfunnsutvalet godkjenner søknad frå Finter AS på vegne av veglaget orgnr. 920048323 Langlim-Rorgemoen-Bøle slik:

Veglaget Langlim-Rorgemoen-Bøle får løyve til å pålegge tilleggsavgift ved manglande betaling av bomavgift.

  • NOK 79 for køyretøy som passerer bom der bomavgift ikkje gjerast opp innan fastsett betalingsfrist.
  • Fastsett tilleggsavgift kan årleg indeksregulerast i samsvar med endringar i KPI (konsumprisindeks) frå føregåande år.

Det er eit vilkår at tilleggsavgifta fyrst vil bli innført etter at skilting, betalingsinformasjon og vilkår er oppdaterte. Tilleggsavgift vil ikkje bli kravd dersom manglande betaling kjem av feil ved anlegget, eller dersom betaling er utført innan fristen.

Vedtaket er heimla i Lov om vegar (veglova) § 56.

Vedlegg

Les meir expand_more