Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
10:30 Innstilling frå kommunedirektøren
Kommunestyret vedtek retningsliner for medverking frå råda med følgjande punkt:
- Råda skal sikrast aktuelle saker på eit så tidleg tidspunkt i sakshandsaminga at fråsegnene frå råda kan påverke utfallet av saka. Dette må speglast i den politiske møteplanen.
- Dersom aktuelle saker ikkje lèt seg handsame innanfor ramma av møteplanen, kan enkeltsaker handsamast i ekstraordinære møte i råda. Desse møta kan gjennomførast digitalt.
- Råda kan ta opp saker på eige initiativ.
- Fråsegner frå råda skal følgje saksdokumenta til det kommunale organet som avgjer saka.
- Råda skal vere representerte i politiske arbeidsgrupper og utval som har arbeidsområde knytt til ansvarsområda deira.
Vedteke