Innstilling frå kommunedirektøren
- Vinje kommune blir teken inn i Interkommunal psykologteneste i Vest-Telemark frå 1. januar 2027.
- Hjartdal kommune blir ikkje teken inn i samarbeidet frå 1. januar 2027. Ei eventuell tilslutning blir vurdert på nytt etter at utvidinga med Vinje er evaluert.
- Interkommunal psykologteneste blir styrkt med 0,5 psykologårsverk, slik at tenesta samla disponerer 2 psykologårsverk. Psykologressursen blir ført tilbake frå Rask psykisk helsehjelp. Rask psykisk helsehjelp blir tilført annan relevant terapeutisk kompetanse tilsvarande 0,5 årsverk.
- Tenesta blir vidareført som eit vertskommunesamarbeid med Seljord kommune som vertskommune. Samarbeidet skal ha ei styringsgruppe med representantar på kommunalsjefnivå og ei arbeidsgruppe med fagansvarlege frå aktuelle tenesteområde.
- Kostnadene blir fordelte mellom deltakarkommunane etter folketal.
- Barn og unge skal framleis vere det prioriterte innsatsområdet. Psykologtenesta får i tillegg ansvar for fagleg rettleiing av Rask psykisk helsehjelp. Styringsgruppa får fullmakt til å endre prioriterte innsatsområde innanfor rammene av samarbeidsavtalen.
- Digitale kommunikasjonsløysingar skal vere ein vesentleg del av drifta, slik at reisetid blir avgrensa og ressursane blir nytta effektivt.
- Framlagt samarbeidsavtale om Interkommunal psykologteneste mellom Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje kommunar blir godkjend. Avtala gjeld frå 1. januar 2027.
Behandling
Innstilling frå kommunedirektøren:

Votering:
samrøystes vedteke.
Vedtak