Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
10:27 Innstilling frå kommunedirektøren
Seljord kommune godkjenner Tiltaksstrategi og retningsliner for spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) for Seljord kommune 2027–2030. Dokumentet skal leggjast til grunn for kommunen si prioritering av søknader etter gjeldande SMIL-forskrift, nasjonale føringar, Regionalt miljøprogram og den årlege økonomiske ramma.
Kommunen skal prioritere tiltak i samsvar med dei lokale retningslinene og innanfor dei rammene som følgjer av regelverket. Administrasjonen får fullmakt til å gjere mindre tekniske, redaksjonelle og språklege oppdateringar, samt oppdatere rettleiande kostnadssatsar. Slike endringar skal ikkje endre den politisk vedtekne prioriteringa av tiltak eller utvide verkeområdet for ordninga.
Vedteke