Hopp til hovudinnhaldet

Samarbeid om PPT Vest-Telemark - val av driftsforma vertskommune

01

Kommunedirektørens tilråding

Innstilling Behandlet

Organisasjonsforma til Vest-Telemark PPT blir endra frå IKS til vertskommune regulert i kommunelova § 20-2. Vest-Telemark PPT IKS blir oppløyst innan 01.01.25 – jf. IKS-lova § 32.

Kommunestyret vedtek Vinje kommune som vertskommune for PPT Vest-Telemark.

a. Vertskommunen startar rekruttering av dagleg leiar så fort som mogeleg, uavhengig av prosessen med verksemdsoverdrag.

b. Kommunestyret føreset at vertskommunen har ein god prosess med dei tilsette i verksemdsoverdraginga.

c. Tilsette som får nytt arbeidsforhold i Vinje blir underlagt same reglar, retningsliner, arbeidsreglement mm. som er gjeldande for tilsette i vertskommunen.

Tokke kommune sluttar seg til samarbeidsavtala som ligg ved saka.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Tilleggsforslag frå SV, Ap, H og UAV

Tilleggsforslag Presentert av: Arne Johannesen På vegner av Sosialistisk Venstreparti, Uavhengig, Arbeiderpartiet og Høgre Behandlet

Tokke kommune skal arbeide for at dei noverande kommunene samarbeider om èin felles PPteneste for å sikre breiest mogleg fagkompetanse i regionen.

Vedlegg

Les meir expand_more
03

Tilleggsforslag frå Sp, KrF og MDG

Tilleggsforslag Presentert av: Jon Aslak Austjore På vegner av Senterpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti Behandlet

Tokke kommunestyre meiner at ein bør fylgje KS konsulent si tilrådning i høve til val av kontorstad.

Vedlegg

Les meir expand_more