← Tilbake

Sak 43/24 - Revidering av varslingsrutine og varslingsplakat

01
Framlegg frå formannskap
Innstilling
Behandlet
2. Varsling på ordførar sendast til kommunedirektør. Det er mogleg å fråvike frå dette om det er grunnar til det. Kommunedirektør førebur sak med faktaopplysningar til formannskapet. Endeleg handsaming skjer i kommunestyret. 3. Varsling på andre folkevalde en ordførar vert sendt til ordførar. Det er mogleg å fråvike frå dette om det er grunnar til det. Ordførar førebur sak til formannskapet. Endeleg handsaming skjer i kommunestyret. 4. Varslingsrutine: Nest siste punkt under «Kva må du tenke om du varslar eksternt for eksempel til media vert fjerna. I siste punkt vert det bruka ord føremålstenleg, ikkje hensiktsmessig 5. Varslingsrutine: punkt «Aktivitet/skildring»: «Arbeidstakaren som varslar» vert endra til «Den som varslar» bør spørje seg sjølv før han varslar. 6. Varslingsrutine og varslingsplakat vert vedteke med endringane frå formannskapet.

Vedlegg

Les meir
02
Endringsforslag frå Ap, SV og H
Endringsforslag
På vegner av Sosialistisk Venstreparti, Arbeiderpartiet og Høgre
Behandlet

Endring i pkt. 1, 3. setning til: Varslinga skal sakshandsamast av ein setjekommunedirektør utanfor Vest-Telemark.

Vedlegg

Les meir