← Tilbake

Sak FO 4/2024 - Salsbu på Dalen om sommaren for lokalproduserte varer

01
Forslag frå C. L. Knudsen (Sp)
Forslag
Behandlet
Tokke kommunestyre ber administrasjonen om å utarbeide ei sak om å opprette ei salsbu for lokalproduserte varer på Dalen.

Vedlegg

Les meir
02
Svar frå ordførar Jarand Felland
Innstilling
Publisert
Svar på interpellasjon om salsbu for lokalproduserte varerViser til interpellasjon frå varaordførar Camilla Lagergren Knudsen om mogleg salsbu for lokalproduserte varer på Dalen, FO sak 4/24 i Tokke kommunestyre.Det har over dei siste 20 åra vore ein auke i turister til Tokke og Dalen sommarstid. På Dalen og fleire andre stader i kommunen er vi også heldige som har gode overnattingstilbod til turistar. Det gjev grunnlag for at turistar kan vere fleire dagar i vårt område. Veksten i turistar medfører at lokalt næringsliv får auka omsetnad. Mange tilreisande og innbyggarar etterspør lokale varer. Framlegget til varaordførar Knudsen om at Tokke kommune bør legge til rette for lokale for ei salsbu er ein interessant ide. Kan det vere ein del av turistinformasjonen, som har ope sommarstid? Men også andre stader på Dalen kan vere aktuelle. Organisering bør nok produsentane av varene stå for.Oppsummert trur eg oppretting av ei lokalbu på Dalen kan vere positivt for både turistar og fastbuande. Dalen, tysdag 17. september 2024Jarand Fellandordførar

Vedlegg

Les meir