← Tilbake

Sak PS 69/2024 - Plan for forvaltningsrevisjon og plan for eigarskapskontroll i perioden 2024 - 2028

01
Kontrollutvalet si tilråding
Innstilling
Behandlet

Risikovurdering av Tokke kommune vert teken til orientering.

Plan for forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll 2024-2028 blir vedteke med følgjande prosjekt i prioritert rekkjefølgje:

Forvaltningsrevisjon

1. Personell - arbeidsmiljø – Kommunen sine skriftlege rutinar og sitt systematiske arbeid for å sikre eit godt arbeidsmiljø. Samt å førebyggje og redusere sjukefråvær og auke rekruttering - heiltidskultur.

2. Internkontroll - Overordna – rutinar og tiltak for å sikre grunnleggande element i internkontrollen. Retta mot heile organisasjonen

Eigarskapskontroll.

3. Eigarskapskontroll - Om kommunen har eigarskapsmelding i samsvar med kommunelova og anerkjende tilrådingar, og om eigarstyringa i praksis er i samsvar med aktuelle lovføresegner og etablerte normer for god eigarstyring. Utval av selskap i samråd med kontrollutvalet ved bestilling. Kommunestyret delegerer mynde til kontrollutvalet til å gjera endringar og omprioriteringar i 621 planane, og dessutan til å kunna definera og avgrensa konkrete prosjekt innanfor dei utvalde områda i planen.

Vedlegg

Les meir