Hopp til hovudinnhaldet

Bustadfelt på Åmdals Verk med utsyn over Åmlivatn

01

Forslag frå K. M. Grave (Ap)

Forslag Behandlet

tek opp kommunedirektørens framlegg.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Tilleggsforslag frå Sp, MDG og KrF

Tilleggsforslag På vegner av Senterpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti Behandlet
03

Tilråding frå formannskapet

Innstilling Publisert

1. Tokke kommune lager reguleringsplan med utgangspunkt i vedlagte kartskisse. I arbeidet med reguleringsplan bør det leggast til grunn at det skal byggast veg til området på om lag 200 meter. Det skal borast etter vatn. Tomtene skal ikkje opparbeidast før dei er seld. Det skal byggast eige septikanlegg i området, men det skal etablerast samstundes med at det fyrste huset i feltet blir bygd. Tomtekjøparane skal betale kommunale vatn- og avløpsavgifter.

2. Det blir løyvd kr 300 000 til å lage reguleringsplan. Finansiering frå disposisjonsfond.

Vedlegg

Les meir expand_more
04

Forslag frå Sp, KrF og MDG

Forslag På vegner av Senterpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti Publisert

Sak 71 - Bustadtomter Åmdals Verk

Framlegg til vedtak:

1.

Tokke kommune lager reguleringsplan med utgangspunkt i vedlagte kartskisse. I arbeidet med reguleringsplan bør det leggast til grunn at det skal byggast veg til området på om lag 200-250 meter. Det skal regulerast inn omlag fem tomter på den delen av området som er mest føremålstenleg å byggje ut. Tomtene skal ikkje opparbeidast før dei er seld. Tokke kommune skal dekke kostnadene til opparbeiding av tomter, vatn- og avløp. Tokke kommune skal fyrst gjere sine arbeider i forkant/samstundes med at hus blir ført opp på tomtene. Tomtene skal ha eigen vassforsyning og eige septik/minirenseanlegg. Tomtekjøparane skal betale kommunale vatn- og avløpsavgifter. Kommunen skal vere driftsansvarleg for veg/vatn og avløp.

2.

Det blir løyvd inntil kr 300 000 til å lage reguleringsplan. Finansiering frå disposisjonsfond.

Vedlegg

Les meir expand_more